corax


:: home     :: news     :: about corax      :: films in production       :: completed films      :: stockshots   :: image gallery    :: contact
Stjernestunder (2007)
Dokumentarfilm

Dette diktet skal være funne i nattbordskuffa til ein gammal dame på ein engelsk sjukeheim – etter at ho var død.

Hva ser du søster i din stue?


En gammel, sur og besværlig frue, usikker på hånden og fjern i blikket, litt griset og rotet hvor hun har ligget.

Hun snakker høyt, men hun hører deg ikke, hun sikler og hoster, hun har snue og hikke. Hun takker deg ikke for alt det du gjør, men klager og syter, har dårlig humør.

Er det hva du tenker? Er det hva du ser? Lukk øynene opp og se – det er mer...

Stjernestunder er eit portrett av livets siste dans. Levde liv, på sin siste stoppestad – sjukeheimen. I filmen følgjer vi mennesker i kontakt med kvarande, og opplever saman med bebuarar og pleiarar korleis dei små augeblikka av stjernestunder er det som verkeleg skaper livskvalitet og verdigheit.

Filmen Stjernestunder lar oss få ta del i livet på ein sjukeheim på godt og vondt, gjennom menneska som bur og arbeider der i det daglege. Det er ein film om å møte og takle alderdomen, og om å gå igjennom og takle vanskelege situasjonar som å forlate sin eigen heim, å sitje igjen utan sin kjære, og å måtte venne seg til ein stadig aukande dement tilstand. Men mest av alt er det ein film om følelsar – i form av stjernestunder.

Masfjorden sjukeheim er annleis enn mange andre sjukeheimar, ein sjukeheim som hos mange har blitt skildra som femstjerners. Her finn ein kattar, fiskar, høns og sauer, mjølkeramp og utedo. Her er nye moderne lokale, god mat, underhaldning og reint sengetøy. Men aller viktigast: her er tid til overs. Her er tid til å fokusere på noko av det som bør bety mest på ein sjukeheim: sosial og fysisk kontakt, opplevingar, respekt, verdigheit, og glede.

Stjernestunder fokuserer på dei små, nære ting i staden for store arrangement og tilstellingar. På rommet, ved middagsbordet, i dusjen, på arbeidsstova - det er her det verkelege livet blir levd – og det er her dei verkelege stjernestundene dukkar opp. Ein samtale mellom to bebuarar, blikkontakt mellom pleiar og bebuar, følelsen av mjuk kattepels mot hud – er alle hendingar som kan gje det litle ekstra som fører til følelsemessig og dermed kanskje også helsemessig gevinst.

Filmen er eit verdig portrett, kor vi blir kjent med dei gamle som dei personane dei er og har vore. Er dei gamle menneska også blitt gamle til sinns eller er det berre kroppen som har eldast og dei framleis er unge innvendig? Det å leite etter stjernestunder er også å leite etter barnet – glimtet i auget, latteren, naiviteten, nysgjerrigheita, roa, gleda.

I denne filmen følgjer vi personale og bebuarar på Masfjorden Sjukeheim under 'prosjekt stjernestunder', som utfordrer til å byggje vidare på den gode eldreomsorgen sjukeheimen tilbyr, og å ha som felles mål å oppnå fleire stjernestunder for både bebuarar og ansatte.

Stjernestunder

Regi: Marianne Sleire

Se Masfjorden kommune sitt presseskriv for mer informasjon.

 

 

Main office
Ludeboden
Skuteviksboder 24
5035 Bergen
Norway
Tel: +47 55 55 81 36
Fax: +47 56 36 71 60
post@corax.no

Masfjorden office
5986 Hosteland
Norway
Tel: +47 90 18 64 20
Fax: +47 56 36 71 60
post@corax.no


             





© Corax Videoproduksjon AS 1998 - 2008