Filmer i produksjon
DANSER MED SAUER - filmen om VM i saueklipping 2008
2 - 5 oktober brakar det laus. For fyrste gong skal VM i saueklypping arrangerast utanfor eit engelsktalande land, og æra har gått til den vesle bygda Bjerkreim i Rogaland. Eit unikt arrangement skal finne stad, kor 1000 dugnadsarbeidarar, deltakarar frå 30 land og 30 000 tilskodarar skal være med på å skape ein ugløymeleg folkefest. Og for dei to norske deltakarane står alt på spel.
Inge Morten Tronstad (28) er bonde, entrepenør og saueklippar, og lever under idylliske forhold på garden på Vestlandet saman med kona og si to år gamle dotter. Inge Morten vann NM i saueklipping i fjor, og er ein av favorittane til årets VM på heimebane. Men hans viktigaste konkurrent er norsk.
Rolf Gravdal (44) er Norges mest meritterte saueklyppar med mange store titlar bak seg. Han håper sjølvsagt at han kjem til finalen mot verdas beste saueklypparar når dei gjestar Bjerkreim i oktober. Men om han ikkje når så langt har han i alle fall eitt viktig mål: å slå Inge Morten, som tok ifrå han NM-tittelen i fjor.
I filmen vil vi følgje dei to norske deltakarane både før, under og etter VM i Bjerkreim. Det vil bli blod, sveitte og tårer, tøff fysisk påkjenning og steinhard konkurranse. Dei to arketypiske norske deltakarane vil gje alt for å slå alle, men mest av alt, for å slå kvarandre. Det er duka for tidenes brekande folkefest i Bjerkreim.
Filmen skal visast på TV2 vinteren 2008/2009.
|
|
EUROPAS BAKGÅRD
Europa har aldri vore fredelegare, rikare eller meir demokratisk. Vi inngår alliansar, stiftar unionar, hjelper kvarandre. Handelen går på skinner, det gjer arbeidet også. Men det er ikkje slik over alt i vår rike verdstel. Moldova er rike Europas triste bakgard. Utdanning, helsesystem, landbruk og industri har gått i oppløysning etter Sovjetunionens fall. I denne filmen vil vi gjennom enkeltmennesker sjå korleis kvardagen er i ein postsovjetisk stat, blant eit stolt folkeslag som må lære å vere seg sjølve igjen etter mange år i Sovjets klamme tak. |
|
GATEJENTA
20 år gamle Maren Bøe jobber blant gatebarna i Bucuresti. Maren har ADHD, dårlige karakterar frå skulen, og problem med autoritetar. Ho er ei av dei som byrja å røyke før ho fylte 12, fekk ein kompis til å tatovere henne som 13-åring og var med å okkupere eit hus som 15 åring. Alltid hamna Maren i trøbbel. Dette er bakgrunnen for at Maren forstår gatebarna i Romania så godt, og når ho forstår dei, kan ho hjelpe dei. I dokumentarfilmen Gatejenta vil vi formidle augneblunk mellom Maren og gatebarna som viser den gjensidige respekt og forståing dei har for kvarandre. Augneblunk av godheit midt i all elendigheita. Utifrå dette vil vi prøve å forstå kvifor ho vel å bu i eit av dei fattigaste landa i Europa, når ho kan bu i det rikaste. |
|
MITT SKIP ER LASTET MED
I generasjonar har dei lokale fraktebåtane vore sjølve livsnerven langs heile den norske kysten. Menneska som bur på aude stader langs kysten utan vegsamband, og på øyer utan bru har vore heilt avhengig av denne transportmoglegheita for frakt av varer og buskap. Men den norske kystkulturen er i endring. Dei siste åra har fleire bruer, tunellar og forbetra ferjetilbod gjort dei gamle fraktebåtane nesten overflødige. Dei fleste ruter har blitt lagt ned eller erstatta med mindre båtar som må ligge til kai på vindfulle vinterdagar. Den siste fraktebåten kjempar no Davids kamp mot Goliat, ettersom trailerane overtek meir og meir av trafikken langs kysten. Men den gamle dampen gir seg ikkje så lett.
Filmen skal sendes på NRK Faktor i 2009 |
|
VAR ALT SÅ MYE BEDRE FØR
Alt var så mye bedre før, sies det. Opplevelser i naturen fra gamle dager blir skildret med store ord - enorme flokker av fugl i alle farger og fasonger, elver fulle av laks, og store mengeder vilt i skogen. Men hvordan var egentlig situasjonen for 50 år siden i Norge? Hvordan opplevde en gutt som vandret i de norske skogene de enorme mengdene vi snakker om i dag. Var virkeligheten slik den ofte blir skildret, i gode gamle dager?
Filmen skal sendes på NRK i 2010
KAMPEN OM VILLAKSEN
Helt siden 1800 tallet har villaksen vært svært ettertraktet som mat og sportsfiskeresurs. De som hadde rettigheter på fiske, både i sjø og i elv, levde svært godt på dette. I de siste 20 årene er kampen om villakse hardnet til. Myndigheter og sportsfiskere mener at villaksen er i ferd med å dø ut. Fiskere som driver med de tradisjonelle redskapene i sjø og elv har en annen oppfatning. Hvem vinner kampen om villaksen? De rike elveeiene og sportsfiskerne eller de tradisjonelle fiskerne som har fisket etter laks i hundrevis av år.
NATURVISJON
Corax videoproduksjon as har sammen med tre andre produksjonsselskaper startet selskapet Naturvisjon as. Naturvisjon as skal i en fireårs periode produsere 30 naturdokumentarer for norsk TV, fire 52 minutters naturdokumentarer for internasjonalt TV og en kinofilm
[mer ] |
|
JUPITERS BUDBRINGER
Corax jobber med et manus til en spillefilm for barn i sammarbeid med manusforfatter Kjersti Helen Rasmussen. Foreløpig arbeidstittel: Jupiters Budbringer.