Dette er starten på monologen Ingrid-Merethe jobber med. Den skal kanskje hjelpe henne å nå målet - hennar store draum - å kome inn på Statens Teaterhøgskule og bli skodespelar. Men kor store håp og moglegheiter er det for dette i Noreg for Ingrid – Merethe, som er blind og sit i rullestol?
31 år gamle Ingrid-Merethe Berget har eit liv fullt av lidenskap og draumar. Lidenskap som kan få ho til å besøke same teaterstykke 16 gongar på rad. Draumar om ein dag å føle seg akseptert, godtatt og elska - som den personen ho verkeleg er.
Vi følger Ingrid-Merethe frå førebuing og øving, til søknad og mogleg opptaksprøve ved Statens Teaterhøgskule. Ingrid-Merethe veit at målet hennar kanskje er urealistisk, men ved å prøve vil ho sette fokus på problemstillinga og det ho og andre i hennar situasjon møter når dei går imot det livsløpet som er satt for dei av samfunnet. Med dette håper ho å kanskje kunne bane vei for andre funksjonshemma som har ein draum andre meiner er urealistisk.
Turnè med Draumen og Ingrid-Merethe hausten 2007
Mange lag og organisasjonar har fatta interesse for dette prosjektet, blant anna organisasjonen ”All Different – All Equal” som er ein del av europarådets menneskerettighetskampanje og som driv haldningsskapande arbeid blant unge. Denne organisasjonen ønskjer at flest mogeleg unge skal få sjå filmen, og gjerne møte Ingrid-Merethe. Derfor har dei bevilga pengar til at filmskaparane, saman med Ingrid-Merethe reiser rundt på ein turné i Hordaland for å vise filmen, snakke om tema som den tek opp, og la ungdom møte Ingrid-Merethe, som ser annleis ut, men som dei garantert kjenner seg igjen i.
På turneen vil vi ha med ein DVD som skulen får til odel og eige, og dermed kan vise vederlagsfritt i seinare samanhengar. Vidare tek vi med ei lita brosjyre til kvar enkelt elev, og eit par ekstra, som skulen kan ha til seinare bruk. I denne brosjyra vil det også stå litt om All Different – All Equal,
All Different – All Equal er ein del av europarådets menneskerettighetskampanje som jobbar for eit meir inkluderande samfunn. Alle unge kan søke om støtte frå til ulike prosjekt frå denne organisasjonen. Prosjekta må i korte trekk vere med på å skape eit meir inkluderande samfunn med mindre fordommar.

|