corax


:: home     :: news     :: about corax      :: films in production       :: completed films      :: stockshots   :: image gallery    :: contact

Englar med skit på vengene (2006)

Dokumentarfilm - Ut i naturen – Oktober 2006

Corax Videoproduksjon as og NRK samarbeidar om denne filmen.

Vindkraft – eit tragisk blindspor for naturen?

Med utbygginga av vindkraft møter naturvernarane seg sjølv i døra. Vindmøller er ikkje lenger ein så god ide til grøn og naturvenleg kraftproduksjon som mange trudde.

Vindmølleindustri skjemmer ut kysten. Disse industrianlegga for vindkraft er plassert i ”indrefileten” av kystnaturen og utbygginga trugar det visuelle inntrykket av naturen vår på ein måte som skremer turistar unna den attraktive norskekysten, og senkar livskvaliteten for dei som bur der. Drivkrafta for å få plassert vindkraftindustri i kystnorge er lovnadar om skatteinntekter og nokre få arbeidsplassar for fattige utkant- kommunar. I utlandet er dei hovuderystande til korleis Norge med vindkraftutbygging øydelegg unik natur og sårbare fugleartar.

Vindkraftutbygging er i Norge eit eksperiment både når det gjeld kraftproduksjon og konsekvensar. I verdas tettaste havørnbestand på Smøla er ein av Europas største landbasere vindmølleanlegg bygd.  Her har vindmøllene drept 9 havørn og over 18 hekkepar har forlatt hekkeplassane sine på Smøla. No står ei ny rasering av urøyrd natur klar til å bli gjennomført: På Helgelandskysten kan verdas beste buområde for hubro snart bli eit industrianlegg for vindkraft.

windmill

 

Main office
Ludeboden
Skuteviksboder 24
5035 Bergen
Norway
Tel: +47 55 55 81 36
Fax: +47 56 36 71 60
post@corax.no

Masfjorden office
5986 Hosteland
Norway
Tel: +47 90 18 64 20
Fax: +47 56 36 71 60
post@corax.no


             





© Corax Videoproduksjon AS 1998 - 2008